Nettkurset «Oi, på nynorsk!»
«Oi, på nynorsk!» er eit innføringskurs i nynorsk forvaltningsspråk.
I kurset møter vi Lars og Else. Lars skriv bokmål til vanleg, men som tilsett i staten skal han også kunne skrive på nynorsk. Han skriv ikkje så verst, men treng litt hjelp for at tekstane hans skal bli gode. Else rettleier og forklarer. I øvingane trener kursdeltakarane på det same som Lars lærer.
Etter kvar del er det ei oppsummering av den viktigaste lærdommen, somme stader med lenkjer til relevante hjelpemiddel og tilleggsinformasjon.
Delane i kurset
- Introduksjon
- Nynorsk i dag
- Forvaltningsord
- Verb
- Substantiv
- Pronomen og eigedomsord
- Språkføring
- Kviss
Målgruppe
Tilsette i det offentlege
Ressursar